Stavgang til Storbekklia

Onsdag 6. juni var stavganggruppa på tur til Storbekklia. Det var Ola Aune som hadde invitert oss til å besøke Utigard Aune-setra i Folddalen, og som var kjentmann i området. Men før det bar innover i Folddalen måtte vi sjå innom stabburet i Utigard. Dette stabburet var i gamle dagar kornmagasin i Rindal

Før dette buret kom til Aune i 1874, stor det oppi Bjerginn og var det gamle kornmagasinet i Rindal.
 Salet av buret vart ein del av startkapitalen til Rindal Sparebank.

Her er det ikkje vedt for folk med uærlege hensiktar å prøve seg.
Tre låsar måtte låsast opp med kvar sin nøkkel før ein kom seg inn i kornmagasinet.

Her var det mangt og mykje å sjå på!  Ola og Ragnhild studerer ei gammel bok.

Så gjekk turen vidare med bil til Bjønnsleet, før vi følgde turvegen som går til Slumpan og Ura.
Vi var spente på veret etter mange kalde dagar med mykje regn.
Men denne dagen vart det opphaldsver, ikkje sol, rett nok, men godt brukbart turver.
 Her er vi framme ved seterstøggu ii Storbekklia og Ola ønskjer velkomen inn.

Inne i seterstøggu, der ein heil vegg var "tapetsert" med gamle namnespildrer

Forseggjorte "visittkort"  vitnar om mange besøk gjennom mange generasjonar.

Det er fleire hus på seterstølen i Storbekklia. Litjfjøset til høgre er innreidd til hytte.
Der vart det kafferast og mange gode historier frå gamle dagar

Utsikt mot Tinnfjellet

Spreke turfolk på setertur til Folddalen.
Fremst: Mary Ranheim, Ane Gundersen, Magne Bolme, Dagny Karstrøm.
Bak: Ildri Grønli, Ann Ingeborg Grimsmo, Gerd Helgetun, Ragnhild Stavne Bolme, Olav Helgetun og Ola Aune

 

Foldsjøen

 

Neste tur blir onsdag 13. juni til Fossdalen. Du må gjerne bli med!
Oppmøte ved frivilligsentralen kl. 10.30

 

 

  • Myspace
  • Tips en venn
  • Skriv ut