- 2013-05-16
Ryddedugnad - 2013-05-12
Ryddeaksjon i Rindal - 2013-04-17
Ungdom på matkurs - 2013-03-20
Matkurs for ungdom - 2013-03-06
Årsmøte og nytt styre

Her er vi komne opp i lia ovafor Nestu Løset. Litt bratt "til gards", men her er det flott utsikt over bygda. Og i finværet i dag var det ekstra fint! Du ser Nerløseten i lia til høgre.

Vi følgde den gamle vegen som gjekk gjennom Romundstadbygda

Ann Grimsmo var lokalkjend i området. Her peikar ho ut staden der husmannsplassen Østpålangholten stod.

Her er vi komne til Løsethaugen

Komne til toppen på åsen og plassen Svervasslykkja låg framom oss.Vakkert! I bakgrunnen kan ein skimte Svervatnet. Her vart det kafferast.

Svervasslykkja

Spreke pensjonistar på tur ein av dei få godversdagane vi har hatt hittil i sommar: Gudrun Moen, Ildri Grønli, Ane Gundersen, Jorid Jonli, Gerd Helgetun og Ann Grimsmo.

På heimveg gjekk turen om Austigard (øvst) og Oppistu Løset. Høgt og fritt! Midt imot kan du skimte Grytstoin og Grytbakkgardane.
Ein løggum tur, overkomeleg for dei fleste.
Neste veke ber det til Vålåskaret. Vil du bli med, møt opp ved frivilligsentralen onsdag 27. kl 10.30.