Rindal dataklubb

Rindal dataklubb kom i stand hausten 2009. Etter at frivilligsentalen hadde arrangert datakurs for eldre i to år på rad, var tida komen for å starte ein dataklubb.

Rindal dataklubb har hatt faste møtedagar på Rindal studiesenter kvar måndag kl 13.00 til 14.30 Frivillige datahjelparar stiller opp, og elles er det meininga at deltakarane skal lære av og hjelpe kvarandre. Tilbodet er gratis, og det er inga påmelding.

Om du vil, kan du bli medlem av Rindal dataklubb. Da blir du samtidig medlem av Seniornett, og får medlemsbladet Senioronett med mange gode, enkelt forklarte datatips tilsend.

Medlemsskap i Seniornett kostar kr 150 pr år. Av dette går kr 100 tilbake til Rindal dataklubb.

Meir om Seniornett finn du ved å klikke her: Seniornett

Dataklubb 1
Dataklubb Sivert og Ole T
Astrid og Asbjørn 23
Helene hjelper Gunvor
  • Myspace
  • Tips en venn
  • Skriv ut