Natteravnane i Rindal

   NATTERAVNANE

 

 

 

 

 

Natteravnane i Rindal vart starta våren 2007. Vi har no 18 vaksne personar på natteravnlista vår, men tek gjerne imot fleire. Natteravnane har basen sin på Rindal Frivilligsentral, her har dei oppbevart klede og anna utstyr og her møtest dei når dei skal ut på oppdrag.

 

Natteravnane blir utkalla når det er festar og andre arrangement i bygda der mykje ungdom er samla. - Og ungdomen har teke godt imot nattaravnane og gjev tydeleg uttrykk for at dei set pris på at natteravnane er til stades.

 

- Natteravnane er heilt vanlege, vaksne menneske med sunn fornuft som er til stades der mykje ungdom er samla.

- Natteravnane skal ikkje legge ein dempar på dei unge eller verke moraliserande, men vere til stades og stå fram som gode forbilde.

- Natteravnane skal ikkje blande seg inn i uro, men tilkalle nødvendig hjelp - Natteravnane skal ikkje spionere, men observere og vere synlege.

- Natteravnane skal ikkje ”blande seg inn”, men lytte og veilede når dei unge sjølv tek initiativ til det.

 

 

NATTERAVNANE GJER LOKALMILJØET DITT TRYGGARE!

 

Ønskjer du å:

- vere med på å betre oppvekstvilkåra til dei unge

- få eit unikt innblikk i ungdomskulturen og ungdomsmiljøet

- redusere vald og herverk? Meld deg som natteravn!

 

 

 

Ta kontakt med Rindal Frivilligsentral tlf. 71 66 54 65 eller 404 74 983 Eller e-post: rindal.frivilligsentral@svorka.net.  Det er førebyggande arbeid vi snakkar om.

 

 

Tenk over dette:

-  Natteravnane var der da det ikkje skjedde

-  Å vere natteravn handlar om alt som aldri skjer

-  Slagsmålet som aldri starta

-  Voldtekta som ikke vart utført

-  Natteravnane verkar dempande på vald og konfliktar

 

 

 

Å vere natteravn er sosialt, hyggeleg og meiningsfylt - og noen gonger uendeleg viktig!

Ønskjer du meir informasjon om natteravnane, gå inn på nettsida www.natteravn.no  

 

Les nyhetsbrev frå Natteravnane sommaren 2011 

  • Myspace
  • Tips en venn
  • Skriv ut