På Rindal friviligsentral har vi eit eige rom med loppemarked året rundt. Folk er flinke til å kome med lopper til oss, så her er det høve til å gjere eit kupp, om du er heldig. På den måten slår vi eit slag for gjenbruk. Det som er gammalt for ein, kan vere nytt for andre.
Kvart år under torgdagen, siste laurdag under Kulturvøkku i juni/juli, brukar Rindal frivilligsentral å arrangere stort loppemarked "frammi garda". Da er det stor trafikk og varer av alle slag får ny eigar.
Driv du og rydder i skuffer og skap, eller kanskje du skal flytte? Eller kanskje du driv og ordnar opp i eit dødsbu? Vi tek gjerne imot lopper, og kan hente etter avtale. Ring 71665465/46474805
Sjå bilde frå loppemarkedet vårt. Klikk på bilda, og dei blir større og du kan sjå dei i serie:
2010-05-20