Kjøkkenpraten

KVA ER KJØKKENPRATEN?
 
 
Eit tilbod om treffplass og sosialt samvær for alle som kjenner på at det å komme seg ut og treffe andre kan vere eit steg mot betre helse.
 
Kjøkkenpraten er eit kommunalt lågterskeltilbod innafor psykisk helsearbeid for vaksne
 
Kjøkkenpraten er eit samarbeid mellom Psykisk helseteneste og frivilligsentralen i Rindal
 
 
TID OG STAD
 
 
Kjøkkenpraten er på Rindal Frivilligsentral annakvar  torsdag frå klokka 11.00-13.00
 
 
INNHALD OG AKTIVITETAR
 
 
- Eit felles måltid rundt kjøkkenbordet som frivilligsentralen har ansvar for
 
- Innhald og aktivitetar avheng i stor grad av kva brukarane vil. Kanskje vil du på tur, kanskje vil du måle  eller høyre på musikk
  eller ha samtalegrupper eller lesesirkel rundt spesielle tema?
 
- Møt opp med dine ønske og vi set opp eit program for treffa framover
 
- Vi har som målsetting at tilbodet i størst muleg grad skal vere tilpassa det brukarane ønsker.
 
- Tilbodet er gratis, men deltaking på turar og aktivitetar i regi av Kjøkkenpraten kan medføre eigenandel
 
- Fagpersonar og tilsette på frivilligsentralen har teieplikt
 
 
Kjenner DU noen som slit litt?
 
Kanskje DU kan invitere dei på Kjøkkenpraten?
 
 
Har du spørsmål kan du kontakte Gjertrud Gåsvatn, Psykisk helseteneste på tlf. 71664764
 
eller Anne Skjølsvold på Rindal frivilligsentral 71665465/46474805
 
  • Myspace
  • Tips en venn
  • Skriv ut