-Vere eit kontaktpunkt for og bindeledd mellom folk og organisasjonar som ønskjer å gjere ein frivillig innsats og mennesker og organisasjonar som treng bistand i heile kommunen.
-Formidle frivillig hjelp og vere ein møteplass i nærmiljø og lokalsamfunn.
-Vere ein arena for lokalt utviklingsarbeid og nærmiljøarbeid.
-Bidra til å utvikle eit betre og varmare lokalsamfunn.
-Vere ein stad kor samarbeidsformar mellom det offentlege og frivillige lag og organisasjonar vert utvikla.
-Vere ein sentral aktør i arbeidet med å vitalisere og aktivisere ubruka frivillige personalressursar og hjelpe personar som vil gjere ein frivillig innsats til å sette denne innsatsen ut i livet.
-Vere ein pådrivar og igangsetter av ulike aktivitetar på eiga hand.
-Verksemda skal vere eit supplement til offentlege.
Organisering:
Rindal Frivilligsentral er eit kommunalt tiltak i Rindal kommune og Rindal kommune er eigar og juridisk person. Sentralen har eigen dagleg leiar. Sitt eige styre med vide fullmakter gjeve av kommunestyret. Livsløpskomiteen i Rindal kommune er årsmøte til Rindal Frivilligsentral.
Rindal Frivilligsentral vart i 2004 tilslutta Frisam og underlagt helse- og sosialdepartementet. Frå 1. januar vart vi overflytta til kirke- og kulturdepartementet.
I styret er Rindal Sanitetsforening, Rindal Pensjonistlag og Rindal Sokn representert, forutan repr. frå Rindal kommune og Livsløpskomiteen.