Estlandshjelp

Estlandshjelp

I 2007 fekk Rindal frivilligsentral ein del restegarn frå eit dødsbu. Dette måtte kunne brukast til noko gagnleg! Det vart teke kontakt med Rindal pensjonistlag som kvar torsdag har arrangementet Åpen dag på Eldresenteret.

Pensjonistane tok til å strikke sokkar til barn i Estland. Elsa og Jan Sturla Jensvold, som er tilknytta Estlandsforeninga, er kvart år med på å frakte hjelpesendingar over til Estland,og med første hjelpesending til jul 2007 vart ein stor sekk med varme ullsokkarfrå Rindal med over for å delast ut til vanskelegstilte barn i Estland.

Dette arbeidet har fortsett. Både pensjonistane og folk tilknytta frivilligsentralen har strikka sokkar og frivilligsentralen har etterlyst og fått inn ei mengd restegarn. Med siste julebuss var det vel 200 par sokkar og også nokre luer og vottar med hjelpesendinga.

Og vi får tilbakemelding om at gåvene blir svært godt mottekne!



Glade pensjonistar strikker sokkar til Estland
Glade pensjonistar strikker sokkar til Estland
Julegaver til barn i Estland
Julegaver til barn i Estland
Strikker sokkar til Estland
Strikker sokkar til Estland
  • Myspace
  • Tips en venn
  • Skriv ut